Gjengevoll Pludrecast podcast

140: PĂ„ske 🐣

0:00
31:27
Reculer de 15 secondes
Avancer de 15 secondes

Hei vÄr og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik pÄske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til Ä verta klare til sesongen. 

Om tre veker startar lamminga, og mÄlet er Ä fÄ gjort sÄ mykje som mogleg av det som hastar mest fÞr den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka Ä fÄ hagen klar og logistikken pÄ plass fÞr alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd. 

Nytt i Är er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mÄl om Ä byrja Ä ha hÞnsa pÄ beite rundt omkring pÄ eigedomen. No er dei gamle hÞnsa i drivhuset og 40 nye hÞner i fjÞset, og begge deler mÄ tÞmmast i lÞpet av dei neste vekene, sÄ dÄ mÄ vi byggja ferdig dei mobile hÞnsehusa dei skal bu i. Travle tider!

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]

P.S. Gi gjerne eit bidrag til Ă„ dekka utgiftene for Ă„ laga denne podcasten ved Ă„ vippsa oss eit valfritt belĂžp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.

D'autres épisodes de "Gjengevoll Pludrecast"