Energi og Klima podcast

Støre sminkar Noregs klimainnsats

13/11/2026
0:00
34:05
Manda indietro di 15 secondi
Manda avanti di 15 secondi

På klimatoppmøtet i Tyrkia sa Jonas Gahr Støre at Noreg skal kutte utsleppa med 70–75 prosent innan 2035, og at vi har ein plan for utfasing av fossil energi. Det stemmer ikkje, konkluderer Klimax-panelet.


Denne veka starta COP31 i Alanya. I Klimax diskuterer panelet Støres lovnad om meir norsk klimafinansiering, og omtalen hans av Noregs klimainnsats:

«We can bring the world on track. And Norway will do its part. We will cut emissions by 70-75 % by 2035. We will become a low-carbon society in 2050. We have established timelines for phasing out fossil fuels.»


Desse møter du i episoden:

  • Olav Anders Øvrebø, journalist i Energi og Klima
  • Anne Jordtveit, nestleiar i Norsk klimastiftelse
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse


Panelet tek òg for seg utspelet frå Tor Mikkel Wara om at Parisavtalen må reforhandlast, og at det einaste avtalen har bidrege med, er tapte jobbar i Europa. Har han rett?

I tillegg ser dei på regjeringa sitt vedtak om at statlege verksemder frå 2027 ikkje lenger treng å ta særleg omsyn til klima, og nyheita om ei konsesjonsordning for datasenter.

Som alltid blir vekas klimaks og antiklimaks kåra til slutt.


Lenker til saker omtalt i episoden:

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Altri episodi di "Energi og Klima"