Vågespel podcast

E9: Eit lappeteppe

28.6.2025
0:00
40:35
Spol 15 sekunder tilbage
Spol 15 sekunder frem

I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar -  Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song.

Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kvinneforeiningar – fellesskap som bar både kvardagsliv og tru. Me får høyra korleis dei bar kultur, språk og tradisjon vidare – frå hand til hand, frå mor til dotter, frå ei stove på slettene til ei kyrkje i storbyen.

Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

Medredaktør: Katherine Jane Hanson

Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

Støtta av: Fritt Ord

Flere episoder fra "Vågespel"