Språkoppdraget podcast

Ingeborg S. Raustøl om røyst, roller og peiskos

0:00
1:01:31
Spol 15 sekunder tilbage
Spol 15 sekunder frem

Kveld etter kveld i halvanna år har Ingeborg Sundrehagen Raustøl ikledd seg høge støvlettar og raude paljettar og spelt ein forførande versjon av Tyrkias president Erdoğan i Europavisjonar. Kva skjer med motivasjonen når framsyning nummer 100 nærmar seg?

I følgje læraren på Teaterhøgskolen var Ingeborg ein klassisk «La Signora», ein arketype frå commedia dell'arte. Dei siste femten åra har ho vore tilsett ved Det Norske Teatret, og ganske riktig har ho stort sett spelt høgstatusrollar, i spennet frå nazist-teatersjef til engel.

Før ho blei skodespelar, var ho programleiar i Kykelikokos med Bowler på NRK. Kan ho framleis telefonnummeret? Veldig mange har også sett henne i rolla som May Halvorsen i Noregs lengstlevande såpeopera, Hotel Cæsar.


Som barn var Ingeborg ganske beskjeden. Det hindra ho ikkje i å sende inn til «På skråss»-spalta i Aftenposten. Ho har framleis 4K-nåla som bevis for det.

I denne episoden av Språkoppdraget står Ingeborg Sundrehagen Raustøl fram som rettskrivingspedant. Vi snakkar om da ho spelte trommar med Helene Bøksle i Melodi Grand Prix, og ho avslørar at ho uforvarande har komme inn i ein spesiell type nisje-litteratur som lydbokinnlesar. Elles har du høgst sannsynleg høyrt røysta hennar i reklame for til dømes apotek eller sjokolade.


Lurar du på kva «peiskos-røyst» er og når den skal brukast, får du svaret i denne episoden av Språkoppdraget.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Flere episoder fra "Språkoppdraget"